Nyhende
Sesong 2007/08 over
Denne vinteren har vore snorik og lang for oss skuterbrukerar. flotte løyper og sikre isar har gjort dette til ein knallsesong. Takk for i år og så ventar me i spenning kva som skjer til neste år.......
Skuterløyve vinteren 2008
Prøveperioden for motorferdselforsøket er forlenga fram til 1. mai 2008.
Det tyder at alle brune, blå og svarte løyve automatisk vert forlenga fram til
den fristen.
Når det gjeld raude løyve, må du kjøpe ein oblat på Tenestetorget. Oblaten
kostar kr 50 og skal klistrast på løyvet. Du må altså ha det med når du skal
fornye løyvet, og du må og dokumentere at du har betalt medlemskontingent i ein
skuterklubb.
Sei nei til ny motorferdselslov!
Direktoratet for Naturforvaltning har kome med forslag til ny lov om motorisera ferdsel i utmark. I korte trekk gjeng det ut på:Hovudregel: All motorisera ferdsel i utmark bli forbudt! Dagens dispensjasjonsordning fjernast, så som dispensjasjon til å frakte til eigen hytte og dispensjasjon for bevegelseshemma. Dette skal erstattas med leigekøyring, som skal bli eigen næring.
I perioden frå og med 15. oktober til og med 30. april, ansjåast også snodekt innmark som utmark, med unntak av gardsplass, hustomt, inngjerda hage eller park. Det skal startas ein prosess med å fjerne dagens løyper i Nord-Troms og Finnmark, og dei isfiskeløypene som finnast i andre kommuner i dag. I sin argumentasjon brukar dei blant anna ei undersøking gjort blant innbyggjerar i Oslo om støy, mens dei avviser andre undersøkingar fordi dei ikkje representerar eit respektivt utvalg av befolkningen i Noreg. Dei har valgt kun å bruke forskning som støtter deira forutinntatte haldning til saken. Etter deira meining skal naturen vera kun for dei som søkjer stillhet og ro. Dette er eit overgrep mot distrikta! Naturen i Noreg er stor, det er plass for oss alle, dersom vi legg det opp slik!
Besøk www.scooteraksjonen.com og/eller www.naturogmotor.no for meir informasjon rundt forslaget frå Direktoratet for Naturforvaltning.
VIKTIG VIKTIG! Høyringsfristen for dette forslaget gjeng ut 15. oktober. Det er viktig at alle som kan, sender epost med si meining til postmottak.dn@dirnat.no
Siv Jensen på besøk i Rauland
Vinje Fremskrittsparti hadde i anledning Siv Jensen`s besøk til Tokke invitert ho til Rauland.Der vart også Rauland Snoskuterklubb invitert med og etter ein triveleg lunsj på Attføringsenteret fekk me anledning til å forklare og fortelje om prøveprosjektet om motorferdsel i utmark.Dette var noko ho var veldig opptekjen av og ho lova at FRP skulle slåss med nebb og klør for at Vinje Kommune skulle få fortsette som det er no.Ordførar Arne Vinje som og var til stades skrytte av prosjektet og ba om at ho prøva å påvirke på høgare hold slik at me skulle få forsetta med dette.
Så var det klart for ein skutertur ! På med hjelm og dress og Odd Gardsteig og Rauland Snoskuterklubb ved Svein Olav Vaa og Otto Tveiti tok ho med frå Vierlid til Kråmviki.Siv Jensen stråla og smilte om kapp med sola då me kom fram til Kråmviki.Dette var noko ho lika!!
Nyheter på sms!
Rauland Snoskuterklubb har starta med nyheter og informasjon på sms.
Framover sesongen vil det stadig dukke opp meldingar på mobilen.
Dette er ein effektiv og billig måte å nå ut til alle på. Med nokre få tastetrykk når me ut til nesten alle 350 medlemmane!
Har du tilbakemeldingar på dette så send ein sms til Silje på 97168912.
Hjelmpåbud!
Frå og med 14oktober 04 er det kome nye reglar om hjelm på snoskuter. CE godkjent alpinhjelm er no lov å bruke. Alle må bruke hjelm,også dei på sleden.
Skiltet på skuteren er også ein sak. Kontrollmyndighetane kjem til å sjekke at det står framme, godt synleg.Dersom ikkje, kan du reikne med ein mangellapp.
Snart ny sesong!
Vinteren let ikkje vente på seg i år heller. Allereie har me merka oss IS på rutene om morgonen, og om ikkje så lenge vil me kunne ta fram snøscooteren att. Me vil sjølvsagt legge ut nyheter fortløpande i år, som i fjor. Håpar dykk vil bruke sida, og fylgje dei løypene me legg ut, slik ta me kan ivareta den flotte scooterkulturen me er så heldige å ha her i kommunen.