Klubbinfo

Rauland Snoskuterklubb vart stifta i 1987. I alle år har klubben arbeidd for å få ein fornuftig bruk av skuter. Kampen har vore lang og me har vel vore inne på tanken om å gje opp. Det har me likevel ikkje gjort og nå ser me resultat.

Vinje kommune er ein av 8 kommunar som er med i ei prøveording med lokal styring av motorferdsel. Pr dags dato er me den einaste kommunen i Sør Noreg som har fengje eit løypenett for turkøyring. I alt 168km med løyper for fastbuande i Vinje kommune. 88km av desse har me ansvaret for. For å få lov til å køyre må ein i tilegg vera medlem i ein av dei tre skuterklubbane i kommunen. Ved å framvise medlemskap i ein klubb får du køyreløyve for raude løyper ved Tenestetorget i Åmot.

Dette kostar for tida kr 400,-. Rauland Snoskuterklubb har nå ca 360 medlemmar og dei kjem frå heile Vinje. Klubben har hatt eit godt samarbeid med Vinje Raude Kross og me har hatt fleire kjentmannsturar saman. Me har og hatt fleire opne styremøte retta mot ungdom. Rauland Snoskuterklubb har og vore inne i skulen og undervist i skuterbruk. Der gjekk me igjennom lovar og reglar og korleis me oppfører oss i naturen. Alt dette for å prøve å skape positive holdningar. Me i styret trur veldig på sjølvjustisen som då vil gjera seg gjeldande i kameratflokken.

Med vinter frå Oktober/November til Mai er det ikkje tvil om at snøskuteren er ein trivselsfaktor for gamal og ung.

God tur!

Styret.

Vedtekter

§ 1: Foreiningas namn skal vera Rauland Snoskuterklubb

§ 2: Foreininga skal arbeide for å organisere flest moglege av snøskutereigarar og andre sympatisørar, påverke desse til å ferdast på ein slik måte at det blir til mest mogleg glede og nytte for den enkelte og for samfunnet. Sørge for at det ikkje oppstend unødig forstyrrelse og skadeverkningar i naturen. Spesielt hensyn skal synast ovanfor grunneigarlag/utmarkslag. Foreninga skal samarbeide med myndighetar og grunneigarar samt grunneigarlag, utmarkslag. Utarbeide og bearbeide forslag til nye og eksisterande skuterterløyper.

§ 3: Foreninga bør samarbeide med andre snoskuterforeningar.

§ 4: Foreninga skal ved leiteaksjonar, redningsoppdrag o.l så langt råd er,vera til til myndighetans disposisjon.

§ 5: Årsmøte skal avhaldast innan utgangen av Februar og innkallast med minst 14 dagars varsel, forslag til årsmøte skal vera styret ihende seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøte skal behandle:

§ 6: Styret som er ansvarleg for foreiningas drift mellom årsmøta skal innehalde 5 medlemar samt to varafolk. Formann velgast særskilt for eit år av gongen, resten av styret velgast for to år, men slik at berre to uttrer kvart år. Varafolk velgast for eit år av gongen. Vedtak skjer ved simpelt fleirtal. Ved stemmelikskap avgjer formann med dobbeltstemme.

§ 7: Revisor velgast av årsmøte og skal revidere foreiningas rekneskap i fjølge god rekneskapsskikk.

§ 8: Ekstraordinert årsmøte kan innkallast når styret, eller minst 25 % av medlemsmassen forlangar det. Innkalling skjer med ei vekes varsel. Berre saker som er på saklista kan behandlas.

§ 9: Medlemmar som opptrer i strid med foreiningas vedtekter kan suspenderast av styret. Dette skal overprøvast av årsmøte som eventuelt ekskluderar. Vedkomande har rett til å utale seg for årsmøte.

§ 10: Medlemskontingent bestemmast av årsmøte.

§ 11: Oppløysing av foreininga skal vedtakast på to etterfylgjande årsmøter, med minst 3/4 fleirtal. Foreiningas midlar settast på sperra konto i 5/fem år i tilfelle nystarting. Det seiste årsmøte avgjer kva dei eventuelle inneståande midlane skal brukas til.

§ 12: Valgnemda skal innehalde tre personar som vert valt for tre år av gongen. Kvart år er den som har gjort teneste lengst og formann på val. Dei to fyrste gongene etter loddtrekning. Valkomiteen føretek trekning sjølve.