Øvelsekøyring med Snoskuter!
Me får stadig spørsmål om korleis det skal
gjerast ved øvelsekøyring
med snoskuter og nedanfor fylgjer utdrag frå lovteksten
Krav ved øvelsekøyring med snoskuter (Klasse S).
Min. 15 år, gjennomført trafikkalt grunnkurs
Ledsager : Ledsageren må ha fylt 25 år, ha gyldig
førerett for vedkommande køyretøysgruppe og ha
hatt slik førerett uavbrutt dei siste 5 åra før
øvelsekøyringa finner stad, jf. vegtrafikkloven § 26
andre ledd.
Eleven og ledsageren under øvelsekøyringa i klasse S
skal være iført reflekstvest som bakover viser bokstaven L.
Køyretøy : Køyretøyet skal tilhøre
den aktuelle førerkortklassen.
Ved øvelsekøyring i klasse S kan eleven bruke
beltemotorsykkel
klasse 2 selv om eleven kun kan få førerett begrenset til
beltemotorsykkel klasse 1.
Utførelse : Øvelsekøyring med
køyretøy med sitteplass kun for føreren kan
bare skje dersom læreren eller ledsageren har
instruksjonsmoglegheit overfor
eleven via toveis radioforbindelse eller lignende, i tilegg til til
visuell kontakt.
På øvingsbane eller anna avsperra område kan
øvelsekøyring for alle klasser skje
uten at lærar eller ledsagar fyger med på
køyretøyet, når vedkommande har visuell
kontakt med mulighet for instruksjon.
Øvelsekøyring i klasse S kan skje utan at føraren
eller ledsageren fylgjer med på
køyretøyet dersom vedkommende har instruksjonsmoglegheit,
d.v.s radioforbindelse, toveis og visuell kontakt.
Håpar dette vart klarare no :
I løypenettet må begge ha gyldigt løyve.
Gjeld ikkje innmark.
Løyve 2009
Skutersesongen 2009 blir som før, det vil seie att me
får køyre som tidlegare år.
Innbetalingsblankettar for medlemskap i RSK har diverre vorte forsinka.
Desse blir sendt ut så fort me får dei. Dei som ikkje vil
vente kan betale over nettbank til 2620.0704451 kr 150,- huks å
skrive på navnet i mrk feltet samt skriv ut kvittering.
Etterpå kan du kjøpe oblat til kr 50,- på
tenestetorget i Åmot go lime på løyvet ditt.
Motorferdsel i 2009
Statssekretær Heide Sørensen i
Miljøverndepartemantet har gjeve klart uttrykk for at
forsøksperioden blir forlenga til å gjelde også
vinteren 2009 slik Utmarkskommunenes
sammenslutning har søkt om. Dette betyr følgjande: Svarte
løyve (til hytter) blir automatisk vidareført i 2009 og
treng ikkje fornyast.
Raude løyve blir fornya ved at løyvehavaren kjøper
inn oblat som skal klistrast på løyvet.
Alle transportløyve, også dei for næringsdrivande,
må fornyast.
Innbetalingsblankettar for medlemskap i klubben blir sendt ut til alle
tidlegare medlemmer.
Altså for 2009 sesongen så må du som tidlegare betale
medlemskap til klubben og kaupe nytt oblat på tenestetorget i
Åmot
Skutermotstandarane gjev seg ikkje !!
Statens Naturoppsyn har vore og filma i vinterfjellet! Nokre
skuterkøyrerar har "rosemåla" Vehuskjeringi og Stavsfjell!
Dette har SNO videofilma og sendt vidare til Direktoratet for
Naturforvaltning.
DETTE ER SJØLVSAGT IKKJE BRA OG SLIK VIL ME IKKJE HA DET!
Men å gå så langt som dei gjer og påstå
at heile prøveordninga er misslykka det blir totalt skivebom.
Dei går så langt som å sei at då kan ikkje
kommunen ha sjølvråderetten. Detta blir ein voldsom
påstand når me i 6år bare har hausta skryt. Forresten
så trudde eg og at det var Politi og SNO som skulle sjå
etter at slik køyring ikkje forekom.....
Eg vil våge den påstanden att 99% av alle
skuterkøyrerar oppfører seg veldig bra. Då kan eit
statleg organ som DN generalisere og sei att resten heller ikkje
får lov til å køyre lovleg, Kollektiv avstraffelse
med andre ord. Me kan heller ikkje vita kor desse
skuterkøyrerane kjem frå, utanbygds fks. Folk som bryt
loven finn du overalt elles både i trafikken, på
sjøen og i resten av samfunnet. Men DN meiner altså at alle
skuterkøyrerar ikkje kan oppføre seg!
2.Mai vart me kontakta om me ville stille opp i NRK Østafjells
med dette som tema, og me stillte sjølvsagt opp.
Link her!